Til startsiden

Vellukka fagsamling om sti- og løypeplanar på Haukelisæter

Sti- og løypeplanar er i mange samanhengar peike på som eit viktig verkemiddel for å styre og kanalisere ferdsel i villreinområda.

I regi av verdiskapingsprosjektet vart det 5. – 6. mars arrangert regional fagsamling om sti- og løypeplanar. Føremålet med samlinga var å få ei felles forståing av form og innhald i kommunale sti- og løypeplanar. I tillegg få ei felles forståing/plattform av kunnskapsgrunnlaget som skal ligge i botnen.

 

Om lag 45 deltakarar vart samla, desse frå turistforeiningane, kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn, villreinnemnd og konsulentbransjen.

Gode føredragshaldarar og engasjerte deltakarar sørga for ei velluka samling. Villrein og ferdsel var sjølvsagt sentralt i programmet, i tillegg friluftsliv og folkehelseperspektivet.

Norsk Villreinsenter sør har tatt på seg oppgåva med å lage ein rapport frå samlinga. I denne vil det ligge samandrag av føredraga samt lenke til presentasjonar. Tanken er at denne kan fungere som ei rettesnor og hugseliste for arbeidet som skal gjerast i kommunane. Rapporten vil etter kvart bli lagt ut på heimesida til SVR og www.villrein .no

(Publisert:13.03.2019)