Til startsiden

Fire merka villrein i området sør for Brokke - Suleskarvegen

Fire GPS-merka villrein har dei siste tre vekene halde til i området sør for Brokke-Suleskarvegen - sjå vedlagde kart. Sidan det er snakk om ikkje mindre enn fire GPS-merka dyr, betyr det truleg at det oppheld seg relativt mange dyr i dette området no. 

Vinterstid er villreinen tilpassa eit lågt aktivitetsnivå og brukar mesteparten av tida på beiting og kvile for å kunne klare seg gjennom ei tøff årstid. Forvaltningssekretariatet ber difor dei som har løyve til transport i dette i område og folk som ferdast på ski, om å ta omsyn til dyra og ikkje uroe dei.

Dei merka dyra kan du fylgje på www.dyreposisjoner.no.

(Publisert:20.01.2015)