Til startsiden

Utkast til forvaltningsplan for SVR er sendt ut på høring

Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle.
Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Utkastet til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er nå sendt ut på høring. Høringsfristen er sett til 1 november 2014

 

I desse dagar blir utkastet til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er nå sendt ut på høring. Høringsfristen er sett til 1 november 2014.

Utkastet til forvaltningsplan vart godkjent av verneområdestyret 7 mai, og etter ein fagleg gjennomgang har Miljødirektoratet gjeve klarsignal til at planutkastet kan sendast ut på høring.

Verneområdestyret håpar på mange innspel og ein konstruktiv debatt om forvaltningsplanen.

Høringsutalane vil bli lagt ut på denne sida etterkvart som dei kjem inn.

Til hausten vil det bli arrangert opne kontordagar og opne folkemøte i kvar kommune. Tid og stad for desse møta vil bli annonsert i lokalpressa og på nattsidene til SVR og kommunane.

Lenke til høringsbrev og plandokument finn du under på denne sida.

(Publisert:18.06.2014)