Til startsiden

Tilskot til tiltak og prosjekt i SVR

I samband med tiltaksarbeidet for 2013 ynskjer styret innspel og søknader om ulike tiltak som kan vere aktuelle inn i verneområdet eller i innfallsportar. Grunneigarar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje. Søknadsfristen er 25. november.

Tilskot til tiltak og prosjekt i SVR

Kvart år får verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) tildelt midlar for å gjennomføre tiltak inne i verneområdet eller i innfallsportar til verneområdet. Storleiken på tildelingane avheng av løyvingar over statsbudsjettet og om ein har klart å utvikle gode prosjekt.

I samband med tiltaksarbeidet for 2013 ynskjer styret innspel og søknader om ulike tiltak som kan vere aktuelle. Søknadane må innehalde ei forklaring på tiltaket, kostnadsoverslag og ein finansieringsplan.

Grunneigarar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje. Søknadsfristen er 25. november. Søknadane skal sendast til post@svr.no eller til SVR, Postboks 24, 4748 Rysstad.

Ta gjerne kontakt med forvaltingssekretariatet for fleire opplysningar eller ein diskusjon om konkrete tiltak.

Setesdal Vesthei: Tarjei Haugen – 976 43 672

Ryfylkeheiane: Alf Odden – 480 44 583

Vest- Agder: Guro Sødergren – 905 05 902

(Publisert:29.10.2012 Sist endret:08.03.2014)