Til startsiden

Tilråding om endring av verneforskrifta for SVR

Lordehytta ved Vivatn i Åseral
Lordehytta ved Vivatn i Åseral, Foto: J.Thommassen/J.E.Skåtan

Fylkesmannen i Aust-Agder sendte 6. desember brev til Miljødepartementet med forslag til endring av verneforskrifta for SVR. I forslaget er det opna for at verneområdestyret etter søknad kan gi løyve til preparering av ti skiløyper i SVR.

Forskriftsendringa gjeld preparering av desse skiløypene:

a) Sloaros i Bykle kommune, Frå sesongstart til 25.4. Løypa kan stengjast på kort varsel av omsyn til villrein.

b) Tjørnnuten i Bykle kommune, Frå sesongstart til 25.4. Løypa kan stengjast på kort varsel av omsyn til villrein.

c) Enden i Bykle kommune, Frå sesongstart til 25.4. Løypa kan stengjast på kort varsel av omsyn til villrein.

d) Storenos 1 i Bykle kommune, Frå sesongstart til 25.4.

e) Storenos 2 i Bykle kommune,Frå sesongstart til 25.4.

f) Bortelid – Pytten i Åseral og Bygland kommuner Kun i samband med påskeferien og Pytten-treffet.

g) Ljosland – Stikkebosshei i Åseral kommune,  Løypa kan stengjast av omsyn til villrein.

h) Ljosland – Lakkestova i Åseral kommune, Løypa kan stengjast av omsyn til villrein.

i) Knaben – Knabenrøysi i Kvinesdal kommune. Løypa kan stengjast av omsyn til villrein.

j) Sinnes – Degvassbu i Sirdal kommune Løypa kan stengjast av omsyn til villrein.

Brevet til departementet, samandrag av høyringssvara, uttale frå Norsk Villreinsenter Sør og kart over alle løypene er lagt ut på denne heimesida.

(Publisert:09.12.2015)