Til startsiden

Støtte til forprosjekt om informasjonspunkt og naturhus i SVR


 

DN, Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdal Regionråd har løyvt pengar til eit forprosjekt i SVR for å planlegge informasjonpunkt om SVR i Sirdal og Suldal og prosjektere eit naturhus i Valle. SVR har sjølv sett av 100 000 kr til arbeidet med forprosjektet.

Forprosjektet skal:

· Foreslå tema/profil for naturhus og informasjonssenter i SVR. 

· Legge fram forslag til samlokalisering med andre fagmiljø på alle tre kontorstadane slik at ein bygger opp tre kompetansesenter.

· Vurdere potensialet tiltaka kan ha for forvaltinga av verneområdet og for verdiskapinga i reiselivet og primærnæringane.

· Foreslå konkret tiltak for å utløyse lokal verdiskaping.

· Legge fram konkrete eksempel på organisasjonar og institusjonar som naturhuset kan etablere eit permanent samarbeid med.

· Utarbeide oversyn over funksjonar og romprogram ved eit naturhus på forvaltingsknutepunktet og informasjonspunkt/-paviljongar på dei to andre kontorstadane.

· Foreslå lokalisering i alle tre kommunane med utgangspunkt i trafikkgrunnlag, kompetansemiljø og sentrumsfunksjonar.

· Kalkulere investeringsbehovet og driftsutgiftene for tiltaka.

(Publisert:30.11.2012)