Til startsiden

Sikringsbuer ved DNT- hyttene Svartenut og Stavskar i Setesdal Vesthei

Utsikt mot Svartepoddtjørni, Svartepoddvatnet, Storheddervatnet og Langvatn (lengst bak). Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.
Utsikt mot Svartepoddtjørni, Svartepoddvatnet, Storheddervatnet og Langvatn (lengst bak). Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

DNT Sør bygger no sikringsbuer ved turisthyttene Svartenut og Stavskar i Valle kommune. Begge desse hyttene har vore stengde for overnatting i vinter sidan dei mangla sikringsbuer. SVR og kommunen har gjeve løyve til byggearbeida.

Båe sikringsbuene vil få omn, men dei vil vere utan senger sidan dette er buer som bare skal brukast i tilfelle av brann. Kravet om sikringsbuer ved hytter som er opne for alle, går fram av den nye Plan- og bygningslova.

(Publisert:30.07.2013 Sist endret:08.03.2014)