Til startsiden

Seminar om kulturminne i heia 25. november

Rovfuglvarde i Trongekvæven
Rovfuglvarde i Trongekvæven, Foto: J.Thommassen/J.E.Skåtan

25. november arrangerer SVR, Vest-Agder fylkeskommune og Hægebostad kommune seminar på Tingvatnsenteret i Hægebostad om kulturminna i heia.

 Under første del av seminaret presenterer vi sentrale kulturminne i heiane våre: driftevegar, brurled/likkviler/varp og spreing av folkemusikk mellom bygdene. Sjå programmet for meir info om dette.

 Etter lunsj konsentrerer oss om det arbeidet som er gjort med kulturminna i Hardangervidda Nasjonalpark.

  • Ellen Anne Pedersen, Buskerud fylkeskommune, vil presentere «Hardangervidda gjennom 9 500 år» - ein kulturhistorisk rapport som også har med kart over dyregraver/fangsanlegg, gamle ferdslevegar, stølar, jernvinneanlegg osv.
  • Tore Bjørgo, Hordaland fylkeskommune, orienterer om  det som er gjort med å utarbeide ein forvaltingsplan for kulturminna på Hardangervidda.
  • Leonhard Jansen, Setesdalsmuseet, legg fram ein database over kulturminnerelatert litteratur frå Setesdal vesthei.
  • Vegen vidare. Kva kan vi lære av arbeidet på Hardangervidda? Kva gjer vi?

Påmelding til post@svr.no innan 20. november.

Heile programmet finn du her.

(Publisert:16.10.2014)