Til startsiden

Seminar om erfaringar med reiseliv i nasjonalparkar 9. juni

Seminar om erfaringar med nasjonalparkar og reiseliv

Høiland gard i Hjelmeland, tysdag 9. juni, 10.00 -15.00

 Seminarprogram

Ordførar Ole Martin Norderhaug, Trysil kommune: Kvifor bestemte Trysil seg for å satse på Fulufjellet nasjonalpark?

 Ordførar Arne Vinje, Vinje kommune: Vinje som Nasjonalparkkommune og samarbeidet med andre kommunar gjennom Rådet for nasjonalparkkommunar.

 Pål Knutsson-Medhus, turistsjef på Geilo og i Hol kommune: Våre erfaringar med nasjonalparkane - med vekt på marknadsføring, kommersiell nytteverdi og tilrettelegging.

 Åshild Hus, prosjektleiar: Prosjektet Lysefjorden Rundt – eit eksempel på tilrettelegging av infrastruktur.

 Preben Falck, dagleg leiar Stavanger Turistforening: Naturbasert næringsutvikling basert på turistforeininga sine anlegg.

 Johannes Apon, Outdoorlife Norway: Kven er brukarane av verneområda i dag og kva etterspør dei? Eksempel frå Kjerag.

 Ingebjørg Vik Laugaland, Vandrarpresten: Kunsten å gå rikare vidare. Erfaringar med guiding på tur.

 Påmelding innan fredag 5. juni til post@svr.no eller til mobil 976 43 672.

Kart og informasjon om seminarstaden: www.hoiland-gard.no

Seminaret er gratis.

(Publisert:27.05.2015)