Til startsiden

Riksrevisjonen har evaluert den nye forvaltingsmodellen for verneområda

Riksrevisjonen har hatt si første vurdering av den nye regionale forvaltingsmodellen.

I konklusjonen sin har Riksrevisjonen serleg lagt vekt på desse punkta:

  • Forvaltningsmodellen tar vare på sentrale mål, men har enkelte svakheiter
  • Mange aktørar og fleire nivå gir lengre saksbehandlingstid
  • Nasjonalparkforvaltaren har ei krevjande dobbeltrolle
  • Ordninga med fagleg rådgivande utval kan utnyttast betre
  • Klager på vedtak
  • Behov for forbetra dokumentasjon og oppfølging

Heile rapporten er lagt ut på www.svr.no

Viktige poeng i konklusjonen

 Forvaltningsmodellen tar vare på sentrale mål, men har enkelte svakheiter

Undersøkinga viser at forvaltningsmodellen gir grunnlag for større lokal medverknad og betre samhandling lokalt i nasjonalparkforvaltninga, og at den har vore med på å dempe motsetningar og førebyggje konfliktar. Nasjonalparkforvaltarane er synlege i lokalmiljøa og legg grunnlag for ein god dialog med dei involverte partane. Forvalt­ningsmodellen bidrar også til at erfaringsbasert lokal kunnskap i større grad blir lagd til grunn for forvaltninga, mellom anna kunnskap om lokale samiske tradisjonar og interesser i nasjonalparkane.

Mange aktørar og fleire nivå gir lengre saksbehandlingstid

Forvaltningsmodellen inneber at mange aktørar og tre nivå (nasjonalparkstyre, direktorat og departement) er involverte i forvaltninga av nasjonalparkane. Finansieringa skjer ved direkte overføring av tiltaksmidlar til det enkelte nasjonalparkstyret, bestillingsdialog med Statens naturoppsyn, tildeling over budsjettet til Fylkesmannen for drifta av nasjonalparkstyra og ved at nasjonalparkforvaltarane fram til og med 2013 har vore lønna over budsjettet til Miljødirektoratet. Konsekvensane ser ut til å vere at forvalt­ninga av nasjonalparkane er blitt lite tids- og kostnadseffektiv.

Nasjonalparkforvaltaren har ei krevjande dobbeltrolle

I saker der styret gjer vedtak som fråvik frå innstillinga frå forvaltaren, meiner ein del nasjonalparkforvaltarar at styret sjølv må grunngi vedtaket, og at dette kravet burde vore nedfelt i styrevedtektene. Klima- og miljødepartementet opplyser at dei er kjende med problemstillinga, og strekar under at lovverket gir rom for skjønn frå styret si side, og at forvaltningslova sitt krav til grunngiving for vedtak gjeld. Departementet peiker på at nasjonalparkstyret har instruksjonsmyndigheit overfor nasjonalparkforvaltaren og kan krevje at han eller ho, som sekretariat for styret, forfattar vedtak for styret så lenge vedtaket er i samsvar med lovverket. For å forbetre saksbehandlingspraksisen kan det vere behov for å klargjere instruksjonsmyndigheita og styringsretten nasjonal­parkstyret har overfor nasjonalparkforvaltarane.

 Ordninga med fagleg rådgivande utval kan utnyttast betre

Undersøkinga viser at det er vanskeleg å få etablert fagleg rådgivande utval og at deltakinga på fleire møte har vore låg. Departementet innser at uklare styringssignal har bidratt til dette. Dei fagleg råd­givande utvala er ein viktig del av forvaltningsmodellen, og Klima- og miljødeparte­mentet bør gjere det tydeleg kva rolle utvala skal ha i forvaltninga.

 Klager på vedtak

Det er relativt få klagar på vedtaka som blir sende over til Klima- og miljødeparte­mentet via Miljødirektoratet. Miljødirektoratet har ikkje registrert noka endring i talet på klagesaker etter at den nye forvaltningsordninga blei innført. Fylkesmennene har likevel ulik tilnærming til utøvinga av rolla som påklagar for staten i saker som er vedtatt av nasjonalparkstyra. Det gjeld både omfanget av vedtak som Fylkesmannen har gått igjennom med tanke på eventuell bruk av klageretten, og i kor stor grad klageretten faktisk blir nytta.

Behov for forbetra dokumentasjon og oppfølging

Det er ikkje sett noko mål for saksbehandlingstida, men undersøkinga viser at klage­saksbehandlinga i gjennomsnitt tar litt over eitt år. Departementet erkjenner at behandlingstida er for lang i mange av klagesakene. Dei viser til at dei har valt å føre ei forsiktig linje, at dei er opptatt av å skape god presedens, at naturmangfaldlova er ny, og at enkelte delar av lova er juridisk krevjande. Departementet presiserer at det har vore eit bevisst val at både direktoratet og departementet behandlar sakene grundig kvar for seg. Revisjonen viser til at Miljødirektoratet over mange år har vore klageinstans og behandla klagesaker etter naturmangfaldlova og den tidlegare naturvernlova, og ein må gå ut frå at direktoratet har god erfarings- og forvaltnings­kompetanse når det gjeld å førebu klagesaker på ein slik måte at sakene kan avgjerast av departementet utan at det tar urimeleg lang tid. Klima- og miljødepartementet opplyser i brev til Riksrevisjonen av 10. januar 2014 at dei arbeider for å få ned saksbehandlingstida i klagesakene.

Heile rapporten kan du lese her.

(Publisert:27.03.2014)