Til startsiden

Ope møte om villrein og ferdsel på Vågslid 28. februar

Torsdag 28. februar blir det ope møte om villrein og ferdsel på Vågslid.

Møtet startar kl 18.00 i Tyrvelidhallen ved Haukeli skisenter.

Møtet er gratis og ope for alle, 

Tema for møtet er villrein og ferdsel, med foredrag frå Lena Romtveit og Marianne Signsås frå Norsk Villreinsenter-Sør. 

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven vil være møteleiar.

Enkel servering.

VÅGSLIDOMRÅDET er eit viktig reiselivs- og næringsområde i Vinje kommune, men også eit tidlegare viktig område for villreinens vandringar mellom Setesdalsheiane og Hardangervidda. Dei siste åra har ein fått mykje ny kunnskap om villreinens forhold til menneskeleg ferdsel og -aktivitet. Villreinen er sky og unngår områder med mykjemenneskeleg aktivitet. Dette viser at kanalisering av ferdsel gjennom god planleggingog tilrettelegging av stiar og løyper er vesentleg i områder slik som Vågslid.l

Møtet er gratis og ope for alle med interesse for villrein og villreinfjell.l Det vil bli anledning til å stille spørsmål og diskutere i møtet.l Det blir enkel servering av kaffi, te, mineralvatn og noko å bite i.l

Spørsmål til arrangementet kan rettast til:Guro Sødergren: fmavgso@fylkesmannen.noeller til Lena Romtveit: lena.romtveit@villrein.no

Arrangør er verdiskapingsprosjektet (faktaboks) i samarbeid med Vinje kommune og Norsk Villreinsenter.

Arrangementet er ein del av verdiskapingsprosjekte tKunnskapsformidling omvillrein og villreinfjell der verneområdestyret for SVRer prosjekteigar. Dette er eit fireårig prosjekt med føremål å auke kunnskapog medvit om villrein og villreinfjell slik at arten og leveområda vert ivareteken.Gjennom ein rekke arrangementog tiltak ønskjer ein å bidra til positivitet og eigarskap til villrein ogvillreinfjell. Kommunar,fylkeskommunar, fylkesmenn,villreinlag og villreinnemnder med som partar i prosjektet.

For meir informasjon:www.svr.no

(Publisert:08.02.2019)