Til startsiden

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane

Tysdag 29. januar var det oppstarseminar for det nye villreinprosjektet i heiane våre. Representantar for kommunar, fylkeskommunar, Villreinnemnda, Villreinlaget, kraftprodusentane, fylkesmennene og Statens vegvesen møttest for å dra i gang prosjektet.

Prosjektet skal gå over fem år og vil konsentrere seg om fire hovudtema:

  1. Forvalting av bestanden og auka tettheit av villrein i sørområda.
  2. Korleis auke trekkaktiviteten nord-sør og aust-vest?
  3. Betydninga av Brokke- Suleskarvegen og trekkområda mellom SVR og Hardangervidda/Setesdal Austhei.
  4. Ferdsel i Setesdals- og Ryfylkeheiane. Konflikt med villreinen og avbøtande tiltak.

Styringsgruppa for prosjektet konstituerer seg 20. mars.

(Publisert:07.02.2013 Sist endret:08.03.2014)