Til startsiden

Ny kunnskap om forvalting av ryper

15.-16. oktober arrangerte fylkemennene og fylkeskommunane i begge Agderfylka seminar om forvaltinga av rypene på Agder.

Bakgrunnen for seminaret var særleg Rypeforskingsprosjektet 2006 - 2011 og den nyleg utkomne boka "Rypeforvalning".

 

 

Hans Christian Pedersen er vår fremste rypeforsker og snakket om forvaltningsretta kunnskap.

Torstein Storaas er ein av våre fremste hønsefugleksperar. Han la fram ny kunnskap om korleis ryper spreier seg frå terreng tilø terreng og kvifor ryper bør takserast for å få god innsikt i bestandssituasjonen.

Arne Nyaas er leiar av Dalsbygda utmarkslag og ein sentral person i organiseringa og forvaltinga av rypene i heimkommunen. Hans bodskap var at dette er ein svært viktig utmarksressurs som er lønsam, men og arbeidskrevjande.

Kristian Eiken Olsen orienterte om rypeforvaltinga til Statskog og korleis rypejakta er tenkt forvalta i Njardarheim i åra som kjem.

Sondov Bjåen er ein sentral grunnegar i Bykle og Vinje og hadde mange tankar om kva grunneigarar burde gjere for å sikre rypejakta som ein sentral del av utmarksnæringa.

Norges Jeger- og Fiskerforbund la fram nokre tankar om kva jegerane meinte burde gjerast for å sikre ei betre rypeforvalting.

 

Alle presentasjonane på seminaret kan du sjå her.

(Publisert:18.10.2013 Sist endret:08.03.2014)