Til startsiden

Høyringsuttale frå AU i SVR om rapporten "Forenkling av utmarksforvalting"

Arbeidsutvalet i SVR hadde møte 24. februar for å handsame to viktige høyringssaker: Forslag til endring av styrevedtektene for verneområdestyra/stillingsinstruks for forvaltarane og rapporten "Forenkling av utmarksforvalting".

AU vedtok denne høyringsuttalen til rapporten:

Arbeidsutvalet i SVR har drøfta rapporten «Forenkling av utmarksforvalting» og har desse kommentarane:

  1. Kommunane/interkommunale organ bør heilt klart få overført større ansvar og fleire oppgåver i utmarksforvaltinga slik at grunneigarar og andre med brukarinteresser i utmarka i størst muleg grad har eitt forvaltingsnivå å forhalde seg til.  For å lykkast med dette er det ein føresetnad at lovverk vert betre samordna, kompetanseheving vert gjennomført og økonomiske ressursar overført.
  2. Forslaget om å opprette eit utmarkstyre med vidare myndigheitsområde enn det som i dag er lagt til verneområdestyra, kan vere aktuelt. Eit slikt tiltak vil kunne styrke samordninga av forvaltinga av utmark, men i den forma det er lagt fram i rapporten er forslaget svært uferdig. Det må difor arbeidast vidare med å konkretisere kva for myndigheit eit slikt styre skal ha og korleis det skal organiserast. 
  3. Forslaget om å ta inn grunneigarar og ulike interessegrupper i eit utmarkstyre reiser etter vårt syn mange vanskeleg og prinsipielle spørsmål som må avklarast. 
  4. Ein går imot å leggje sekretariatet for eit ev. utmarksstyre til Fylkesmannen. I dag er dette tillagt verneområdeforvaltarane og det bør halde fram slik. Vidare bør større ansvar og fullmakter leggast til styret gjennom arbeidsgjevaransvar, budsjett- og økonomiforvalting m.m.
  5. Statens naturoppsyn (SNO) kan etter vårt syn med fordel reindyrke oppsynsoppgåve meir og rollefordelinga mellom forvaltingsmyndigheita og oppsyn kan også gjerast klårare.
  6. Arbeidsutvalet stør forslaget om å sette ned eit lovutval som får i oppgåve å gå gjennom gjeldane lover og forskrifter med sikte på å legge eit lovmessig grunnlag for ei meir effektiv og samordna forvalting av utmark. Dette utvalet må kome i arbeid så fort som råd slik at deira forslag kan leggast til grunn når ein vurderer etablering av eit eventuelt utmarksstyre.

Møteprotokollen er lagt ut på denne heimesida.

(Publisert:05.03.2015)