Til startsiden

Naturstien ved Håheller er klar

Verneområda våre har ein eigen besøksstrategi som vart godkjent i 2019. Eit tiltak var å etablere ein natursti ved Håheller i Sirdal kommune. Dette prosjektet er no ferdig og klar for å ta i mot turistar og andre interesserte.  Naturstien er primært laga med tanke for bilturistar som kryssar Brokke-Suleskardveien i sommarhalvåret, men forvaltinga håper sjølvsagt at lokale, hyttefolk og andre kan ha gleda av tiltaket. Naturstien er ein vidareutvikling av eksisterande rasteplass, og har som siktemål å styre og kanalisere ferdsla til dette området.Naturstien er finansiert av tiltaksmidlar frå Miljødirektoratet. Sira- Kvina kraftselskap har og bidratt med finansiering på bakgrunn av revisjonsavtala med Sirdal kommune.Stien er godt merka med pålar av malmfuru, undervegs kan du få med deg kunnskap og lærdom om livet i heia vår. Stien har også eit utkikkspunkt, der står det ein villreinbukk å venter.

(Publisert:19.08.2020)