Til startsiden

Møteplass villreinfjellet - vel gjennomført arrangement i Bykle

Måndag 18. juni arrangerte Setesdal Ryfylke villreinlag informasjonsmøte om CWD på Bykle hotell.

Foredragshaldarar frå NINA og Mattilsynet informerte om sjukdommen med vekt på prøvetaking under jakta.

Del to av møtet var i regi av verdiskapingsprosjektet og delprosjekt 3 Møteplass villreinfjellet. Her fortalte Øystein Kristensen frå Aust-Agder fylkeskommune om villreinens områdebruk basert på innsamla GPS-data. Tilhøyrarane fekk eit godt innblikk i analysemoglegheiter ein har ved bruk av GPS-dataene frå prosjekta gjennomført på aust og vest-heia.

 

Ut frå attendemelding og engasjement verka det som arrangementet fall i smak hjå dei om lag 60 deltakarane. Hovudsakeleg var det jegerar som hadde tatt turen men også ein del andre interesserte.

 

Arbeidsgruppa Møteplass villreinfjellet legg opp til å bidra med andre aktuelle temakveldar framover, gjerne i samarbeid med lokale aktørar.

 

Jørn Haug

Prosjektleiar Møteplass villreinfjellet

(Publisert:22.06.2018)