Til startsiden

Mens vi venter på dyra - villreinmøte i Kvinesdal 8. november

Føredragshaldarane Kristian Eiken Olsen og Lena Romtveit
Føredragshaldarane Kristian Eiken Olsen og Lena Romtveit

Mens vi ventar på dyra – villreinmøte i Kvinesdal 8. november

8. november var det skipa til villreinmøte på Utsikten hotell i Kvinesdal. Kristian Eiken Olsen i frå Statskog hadde eit inspirerande foredrag om praktisk villreinjakt.

Her var det mange gode tips å ta med seg både for den røynde jeger og nybyrjarar. I del to denne kvelden fekk forsamlinga høyre Lena Romtveit i frå Norsk Villreinsenter sør. Tema var villreinens bruk av sørområda og korleis bruken har endra seg over tid. Ei lydhøyr og interessert forsamling synte at villreinen framleis har ein plass hos mange sjølv om ein har hatt lite dyr sør i Setesdal Vesthei dei siste åra. Om lag 70 personar hadde møtt fram, blant dei mange jaktinteresserte, men også representantar frå lag og organisasjonar. Arrangør var verdiskappingsprosjektet i samarbeid med viltnemnda i Kvinesdal og Kvinesdal villreinlag. Rosina i pølsa denne kvelden var utlodding av premiar frå Lyngdal Jakt og Fiskesenter

 

Foredraget til Lena Romtveit kan du sjå her (sjå vedlegg)

(Publisert:03.12.2018)