Til startsiden

Kurs i lyngbrenning

Kurs i Lyngbrenning for grunneigarar i Hægebostad.
Kurs i Lyngbrenning for grunneigarar i Hægebostad., Foto: John Ivar Bjelland

Laurdag 9. mars arrangerte SVR eit kurs i lyngbrenning for grunneigarar i verneområdet i Hægebostad kommune.

12 grunneigarar frå Hægebostad deltok på kurset som vart avvikla i Lund kommune i Rogaland. Fagleg ansvarleg for kurset var ECOFACT. Grunneigarar i det aktuelle området var og med på brenninga.

Forholda var perfekte: passe vind frå rett retning, tele i bakken og snøfenner og is på enkelte plassar.

 

Kurset starta med ei fagleg gjennomgang fredag kveld. Knut Tunheim - tidlegar heiesjef for sentale delar av sauebeita  i SVR og med lang erfaring i lyngsviing - orienterte om sine erfaringar med sviing og effektar på beitet.

Laurdag var sjølve kursdagen. Det vart svidd av mange mål, og alle fekk erfaring med korleis ein kan styre og avgrense lyng - og grasbrannar.

Kurset er eit ledd i arbeidet med skjøtsel av verneområdet i Hægebostad. Ein eigen skjøtselplan for området vart utarbeidd av ECOFACT i 2011. Dette er andre året vi svir. I fjor blei 630 daa svidd.

 

 

(Publisert:10.04.2013 Sist endret:08.03.2014)