Til startsiden

Innsamling av prøver frå villrein i Setesdal og Ryfylke

Nøgd reinjeger
Nøgd reinjeger, Foto: Lars Christian Benninghoff

I samband med villreinjakta i haust har Helseovervåkingsprogrammet for hjortevilt og Veterinærinstituttet bede om at det vert samlar inn prøver frå felt villrein. Prøvene vil bli undersøkt for parasittar og virus.

Parasittane som vil bli vektlagt, er hjernemark og lungeorm.

Når det gjeld virus, er forskarane på jakt etter virus i luftvegane og det dei kallar Schmallenbergviruset. Dette er eit virus som nyleg er oppdaga i Noreg og som kan føre til misdanningar hjå foster.

Forskarane håpar å samle inn prøver frå 60 dyr i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane, fordelt på bukkar, åringar og vaksne.Villreinlaget har delt ut prøveutstyr til ein del jegerar.

(Publisert:30.08.2013 Sist endret:08.03.2014)