Til startsiden

Informasjon om prøveordning for helikoptertransport av felt villrein

Nøgd reinjeger
Nøgd reinjeger, Foto: Lars Christian Benninghoff

For villreinjakta 2016 og 2017 kan det som ei prøveordning, søkast om helikoptertransport av felt villrein. Prøveordninga gjeld for landingsplassane Grjotdalsneset, Steinkilen og Austre Kaldevatn i Dyraheio landskapsvernområde.

Søknad med opplysningar om landingsstader, tidsrom og talet på transportar bør sendast alf.odden@svr.no innan 8. august 2016 om løyve skal være klart til jakta.

Du finn meir informasjon i lenka under.

I prosessen med utarbeidinga av den nye forvaltningsplanen for SVR kom det fram et forslag om å opne for henting av felt villrein med helikopter frå jaktområda lengst inne i heio. Steinkilen ligg til dømes om lag fem timars gange frå bilveg, og å bære ut slakt er svært tidkrevende for jegerar med store kvoter. I forvaltningsplanen vart det derfor lagt til rette for ei slik prøveordning i 2015-2017.

 I Dyraheio landskapsvernområde omfattar ordninga landingsplassene  Austre Kaldevatn, Steinkilen og Grjotdalsneset. Ved Austre Kaldevatn kan landing skje i ei sone på 50 m rundt vatnet, mens landingane ved Steinkilen og Grjotdalsneset må skje innafor ei sone om lag 100 m frå Suldal fjellstyre sine hytter.

 

Landingsplasser i Dyraheio landskapsvernområde

I samråd med SNO er det bestemt at landing utanfor verneområde må skje på ein av dei offentlege landingsplassane Haukeliseter, Hovden, Kilen på Nesflaten, Prestavikjo på Suldalsosen og Garaneset på Sand. Dette er viktig for at SNO kan utøve ein effektiv kontroll.

I 2016 vil det i tillegg være mogleg å nytte landingsplasser ved Oddatjønndammen, Saurdalstippen og Mostøl. NB! Landing på desse stadene må avklarast med grunneigar.

 Det er svært viktig at SNO blir varsla om kva for landingsplasser som skal nyttast samstundes som ein bestiller helikopter. Send melding eller ring til SNO v/Reidar Sandal på telefon 90877844.

 Landingsplasser utanfor verneområde

 

Løyvet til helikoptertransport er personleg for søkar, men løyvet kan omfatte transport av felt villrein for fleire jegerar.

Løyva vil gjelde for eit avgrensa tidsrom, til dømes 20.08-31.09, og vil være avgrensa til et fast tal med helikoptertransportar.

Av løyve vil det gå fram kva for landingsplassar som kan nyttast både i og utafor verneområde.

Løyva vil og innehalde desse vilkåra:

  • Flyginga mellom landingspunkta skal skje etter kortaste rute
  • For å redusere forstyrring av bufe, vilt, jegerar og fotturistar, skal helikopteret så langt det er råd ikkje flyge lågare enn 300 m over bakken mellom landingspunkta
  • Det må innhentast naudsynt landingsløyve frå grunneigar, samt Suldal kommune.
  • Før transporten tek til må det sendast melding til SNO v/Reidar Sandal på telefon 90877844. Meldinga skal innehalde tidspunkt for transporten og landingsstad både i og utanfor verneområde.
  • Dersom det blir observert villrein ved landingspunkta skal landinga avventast til fare for uroing ikkje lenger er tilstades.
  • Løyvet skal alltid vere med under transporten.
  • Løyvet kan trekkast tilbake på kort varsel dersom omsyn til viltet tilseier det.

 Landing på andre stader enn dei som er oppgjeve i løyve blir rekna som brot på verneføreskrifta og vil bli meld til politiet.

(Publisert:30.06.2016)