Til startsiden

Heiplanen er godkjend av Miljøverndepartementet

Vinterfjell. Kringlenuten og Snønuten i Dyraheio.
Vinterfjell. Kringlenuten og Snønuten i Dyraheio., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

Miljøverndepartementet godkjende 17. juni Regional plan for Setesdal Austhei, Ryfylkeheiane og Setesdal Vesthei (Heiplanen). Arbeidet med planen starta i 2007. Hovudformålet har vore å avklare omsynet til villreinen i arealforvaltinga i dei berørte kommunane.

Ei styringsgruppe med representanter frå alle berørte kommunar og fylkeskommunar har jobba med planen. Fylkeskommunane har hatt hovedansvar for prosessen.

 

 

 

 

"Det er en viktig plan, som har som mål både å sikre levekårene til verdens sydligste villreinstamme - slik Norge er forpliktet til etter Bern-konvensjonen – og legge til rette for næringsutvikling og gode levekår for dem som holder til i de 18 kommunene som omfattes av planen,"  skrivar leiar for styringsgruppa fylkesordførar Thore Westermoen i forordet til planen. 

 

 

Det er styringsgruppa sitt forslag til Heieplan som no er godkjend av Miljøverndepartementet.Plandokumentet og aktuelle kart er tilgjengelege på www.heiplanan.no.

 

(Publisert:12.07.2013 Sist endret:08.03.2014)