Heiedagane 2013
Til startsiden

Heiedagane 2013

12. - 15. juni arrangerte SVR Heiedagane 2013.

Målsettinga er at dette skal bli eit årvisst arrangement i kommunane våre. I år var det i Setesdal, neste år vert arrangementet lagt til ein av kommunane i Ryfylke eller Vest- Agder. På denne måten vil arrangementet vandre rundt i heile regionen.

Programmet for dagane hadde desse hovudpunkta:

  • Aktivitetsdag i heia for elevane ved Valle og Hylestad skular.
  • Seminar om nytt forskingsprosjekt på villrein i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane.
  • Informasjons – og diskusjonsmøte om ny bestandsplan for Setesdal Ryfylke villreinområde 2014-2018.
  •  Kulturhistorisk vandring Øyuvsbu – Håhelleren.
  •  Aktivitetsdag for barnefamiliar ved Håhellerhytta.

 Detaljert program er lagt ved.

Program for Heiedagane 2013

Onsdag 12. juni                   

Aktivitetsdag i heia for elevane ved Valle og Hylestad skular. Arrangement i samarbeid med Setesdalsmuseet, SNO og Norsk Villreinsenter Sør.

 

Fredag 14. juni                  

Seminar om nytt forskingsprosjekt på villrein i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane

Bjørn Egil Flø, NINA: Holdningar til villreinen. Jaktobjekt, oppleving eller problemskapar? 

Vegard Gundersen, NINA: Ferdsel og villrein.

Lars Arne Bay: Var alt betre før?

Leonhard Jansen, Setesdalsmuseet: Storfolk på jakt i Heibergheiane.

Olav Strand, prosjektleiar og forskar: Kva vil vi prøve å finne svar på i prosjektet?

 

Informasjons – og diskusjonsmøte om ny bestandsplan for Setesdal Ryfylke villreinområde 2014-2018

Reidar Sandal, SNO: Foto og observasjonar i villreinfjellet 2012/2013.

Villreinlaget informerer om arbeidet med ny bestandsplan for 2014-18.

Olav Strand, NINA: Kvifor dra i gang eit nytt merkeprosjekt? Kva bør ein vurdere i den nye bestandsplanen? Auka minsteareal i sørområda? Enkelte fredingssoner?

Videoopptak frå livet til GPS – simlene på Setesdal Austhei!

 Arrangør: Setesdal Ryfylke Villreinlag (www.villreinlag.no )

 

 Laurdag 15. juni

Kulturhistorisk vandring Øyuvsbu – Håhelleren

Turleiar: Leonhard Jansen

 Aktivitetsdag for barnefamiliar ved Håhellerhytta

Natursti, fiskekonkurranse, riding på hest, pil og boge/luftgeværskyting m.m. Arrangement i samarbeid med Setesdalsmuseet, SNO, Valle Jakt- og Fiskelag, Valle Rideklubb og Valle 4 H.

(Publisert:12.07.2013 Sist endret:08.03.2014)