Til startsiden

Heiedagane 2013

Hytte ved Prostøl (Proststølen) i Kjetilstaddalen, Dyraheio.
Hytte ved Prostøl (Proststølen) i Kjetilstaddalen, Dyraheio., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

Verneområdestyret arrangerer Heiedagane 2013 frå 12. til 15. juni. Arrangementet er i år lagt til Setesdal.

Onsdag 12. juni er det aktivitetsdag på heia for skulane i Valle.

Fredag 14. juni er det seminar på Sølvgarden Hotell om det nye villreinprosjektet i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane (sjå vedlagte dokument for seminarprogram). Same dagen arrangerer også Villreinlaget diskusjonsmøte om  bestandsplanen 2014 - 2018 på kommunehuset i Valle.

Laurdag 15. juni er det kulturhistorisk vandring frå Øyuvsbu til Håhelleren og aktivitetsdag for barnefamiliar ved Håhelleren turisthytte.

 

(Publisert:03.06.2013 Sist endret:08.03.2014)