Til startsiden

God tur i påskefjellet, men ta omsyn til villreinen!

Påska er rett rundt svingen, og det er mildt sagt snø nok i fjellet. DNT melder om gode forhold og kvista løyper.

I år er påska sein, og det er difor særleg viktig at ein tar omsyn til villreinen. Simlene er no høgdrektige, og etter ein hard vinter med mykje snø og nedising av beita, er dyra magre og treng ro for å klare kalvinga. Reinen har ein fantastisk luktesans. Ta difor omsyn til vindretninga og pass på så du ikkje skremmer dyra!

På austsida av Rosskreppfjorden i Valle kommune og nord og sør for Steinbuskardet i Bykle kommumne er det også ferdselsrestriksjonar frå 15. april på grunn av villreintrekk i området. All ferdsle på ski må gå etter kvista løyper i desse områda. Kvistane blir tatt ned seinast tredje påskedag.

Sjekk vêrmeldinga og isen på regulerte vatn før du legg ut på tur!

 

Kvista løyper

Oppdatert liste over kvista DNT - løyper i heile landet kan du sjekke på http://www.turistforeningen.no/vintermerking/?utm_source=Turistforeningen&utm_campaign=Vintermerking

Heimesidene til dei to lokale turistforeiningane har og mykje oppdatert informasjon:

http://www.stavanger-turistforening.no/

http://www.dntsor.no/

 

Isen på regulerte vatn

Mange av vatna i SVR er regulerte og difor usikre. Sjekk opplysningar om isen på ei av desse sidene:

 

God tur!

 

(Publisert:09.04.2014)