Til startsiden

Foredrag om dei første reinjegerane i fjellet i Sørvest-Norge

Foto Tor Punsvik

 

Tysdag 19. november  kl 19.00 vil arkeologen Sveinung Bang-Anderssen halde føredrag på Suldal kulturhus på Sand. Føredraget vil mellom anna handle om jakt og fangst av rein i steinalder og jernalder,

Sveinung Bang-Anderssen er arkeolog og har vore tilsett ved Arkeologisk museum–Stavanger i ei årrekke. Bang-Anderssen var sentral i arbeidet med dei arkeologiske utgravingane i samband med Ulla-Førre utbygginga og kjenner godt til heiområda i Suldal og Hjelmeland. Sveinung Bang-Anderssen har publisert ei lang rekke forskningsartiklar og rapportar om jakt og fangst av villrein i steinalder og jernalder. Han har og bidratt med populærvitskaplege tekster om dette temaet i mange bøker.

(Publisert:04.11.2019 Sist endret:15.11.2019)