Til startsiden

Delegering av mynde til verneområdeforvaltarane


Miljøverndepartementet har endra vedtektene for verneområdestyrene slik at det nå er mogleg å delegere avgjerdslemynde i enkle sakar som har med motorferdsle og anna ferdsle å gjere

Til dømes kan enkle dispensasjonssøknadar om transport med snøskuter og helikopter nå handsamast av verneområdeforvaltarane utan at ein treng å vente på neste AU møte

 

AU gjorde dette vedtaket i sak 11/2013 møtet 10 januar:

Au viser til brev frå Miljøverndepartementet om endringer i vedtektene for verneområdestyra og delegerer med dette myndigheit til områdeforvaltarane i SVR til å gjere vedtak i alle søknader som gjeld dispensasjon til ferdsle etter verneforeskriftene. Delegeringa gjeld ikkje søknadar som må vurderast etter §48 i Naturmangfaldlova.

AU presiserar at det må innarbeidast gode rutinar for sakshandsaminga i sekretariatet slik at ein sikrar lik sakshandsaming i heile verneområdet. Saker som sekretariatet vurderar som problematiske eller saker der forvaltarane er usamde, skal leggast fram for AU til avgjerdsle.

Delegeringa gjeld mellombels intil neste styremøte der ein kan ta opp saka til endeleg handsaming.

 

(Publisert:14.01.2013 Sist endret:08.03.2014)