Til startsiden

Delegering av forvaltaransvar for åtte mindre verneområde til SVR

Miljødirektoratet har i brev datert 18. august 2015 delegert forvaltingsansvar for åtte mindre verneområde frå Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Aust-Agder til det regionale verneområdestyret for Setesdal Vesthei,  Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR).

Delegeringa gjeld desse åtte verneområda:

                · Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

                · Vidmyr naturreservat i Bykle kommune

                · Hisdal naturreservat i Bykle kommune

                · Hovden landskapsvernområde i Bykle kommune

                · Ørestø naturreservat i Gjesdal kommune

                · Migaren naturreservat i Gjesdal kommune

                · Øyastøl naturreservat i Hjelmeland kommune

                · Nordstølhei naturreservat i Hjelmeland kommune

Alle desse områda grensar inn til dei eksisterande landskapsvernområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

Delegeringa gjeld frå 1. oktober 2015. Fram til den datoen har Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Aust-Agder forvaltaransvaret.

Eventuelle søknader eller spørsmål skal etter 1. oktober sendast til post@svr.no eller til SVR, Postboks 24, 4748 Rysstad.

(Publisert:03.09.2015)