Til startsiden

Bykle skule på fjelltur i SVR

Bykle skule på fjelltur i 2013
Bykle skule på fjelltur i 2013

Frå torsdag 29. til fredag 30. august var 14 elevar frå Bykle skule, to lærarar og to frå Bykle fjellstyre på overnattingstur til Blåbergåskilen ved Urar. Turen kom i stand etter initiativ frå Bykle fjellstyre, SNO og forvaltingssekretariatet.

Skulen skrivar på si heimeside:

"14 elevar, to lærarar og to representantar frå Bykle fjellstyre hadde ein flott tur. Turen starta rett nok med lett regn, men utover ettermiddagen skein det opp.

Vi jakta på rein, la garn, og fiske med stang. Det blei nok for mykje bråk for at vi skulle få reinsdyr, men det blei mykje fisk. 22 på stang, og 18 i garn. For dei som ville, blei det og tid til ein joggetur."

(Publisert:06.09.2013 Sist endret:08.03.2014)