Til startsiden

Blir det kalving i Åseral, Hægebostad eller Kvinesdal?

Ei radiomerka simle har i den seinare tida opphalde seg svært langt sør i SVR, ikkje langt frå Knaben i Kvinesdal. Det er no berre ei til to veker til kalving og det er difor ein rimeleg sjanse for at vi i år vil få kalving mykje lenger sør enn på veldig mange år.

Dette vil i så fall vere ei svært god nyheit for det pågåande GPS-prosjektet der ei sentral målsetting er at villreinen skal ta større delar av heia i bruk og trekke lenger sør i området vårt.

Følg med på kvar simla beveger seg på http://dyreposisjoner.no !

 

 

(Publisert:09.05.2014)