Til startsiden

Besøksstrategi for SVR - Innbyding til regionale møte

For å få eit godt kunnskapsgrunnlag og sikre ei god forankring legg verneområdestyret vekt på goddialog med ulike interesser og brukargrupper. Det vert med dette beden inn til tre regionale møte.Føremålet med desse er å få konkrete innspel på informasjons- og tilrettelegggingstiltak. I tillegg fåeit oversyn over planlagde tiltak i regi av ulike aktørar med sikte på ei god samordning.Datoane før møta er som følgjer. De vel sjølv kva møte som høver best ut frå tid og stad:

1. Møte i Forsand, Forsand rådhus 22. november kl. 18.00 – 20.00

2. Møte i Kvinesdal, Kvinesdal rådhus 29. november kl. 18.00 – 20.00

3. Møte i Valle, Valle rådhus 7. desember kl. 18.00 – 20.00

Opplegget for møta vil i korte trekk vera som følgjer:

 Velkomen v/repr. frå verneområdestyret

 Kort gjennomgang av arbeidet med besøksstrategi v/verneområdeforvaltar

 Drøfting kring borda; aktuelle informasjons- og tilretteleggingstiltak

 Gjennomgang i plenum Oppsummering og vegen vidare

Det vert ei enkel servering.

 

Bakgrunn

Verneområdestyret for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) har sett i gong arbeidet med besøksstrategi for verneområda. Besøksstrategien er ein plan forinformasjons- og tilretteleggingstiltak i og inn mot verneområda. Det er peika ut følgjande firemålesttinger for arbeidet:

 Legge til rette for å gje vitjande ei betre oppleving

 Bidra til å ta vare på naturverdiane

 Gi barn og unge gode opplevingar i heiområda og auka forståing for vernet

 Bidra til auka verdiskaping i lokalsamfunna kring verneområda

For meir utfyllande informasjon sjå vedteken prosjektplan samt rettleiar frå Miljødirektoratet:

http://www.nasjonalparkstyre.no/svr/Nytt/Prosjektplan---Besoksstrategi-for-SVR/

http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M415/M415.pdf

(Publisert:08.11.2017)