Til startsiden

Auke i talet på rovviltskadar

Miljødirektoratet melder at det er auke i talet på sauer som er drepne og skada av rovvilt i 2013. Årsaka til auken er at ulv og bjørn har skada fleire dyr i år i enkelte område. Ulv har gjort meir skade i Sør- og Midt-Noreg, og bjørneskadane er no oppe på same nivå som i 2010.

SNO presiserer at tala er førebels. Den endelege oversikta over omfanget av tap får vi først når fylkesmennene har handsama søknader om erstatning for rovvilttap i slutten av desember.

 

Heile meldinga frå Miljødirektoratet kan du lese her.

Opplysningar om roviltskadane i eige fylke og eigen kommune finn du på www.rovbase.no. Her kan du og melde inn drepne og skadde dyr.

 

(Publisert:18.10.2013 Sist endret:08.03.2014)