Til startsiden

Årsrapport frå Statens Naturoppsyn i SVR

Peter Hermansen og Reidar  Sandal monterer nye infotavler ved Håhellar.
Peter Hermansen og Reidar Sandal monterer nye infotavler ved Håhellar., Foto: Jon Erling Skåtan

SNO har sendt ut årsrapport om aktivitetane i SVR i 2013. Heile rapporten er lagt ut på denne heimesida.

Oversikt over tiltak SNO har delteke i eller gjennomført i verneområda:

  • Sett opp ei infotavle Frafjordheiane LVO. Øvrige tavler er ikkje klare frå forvaltninga.
  • Plan for fjerning av kraftline Funningsland. Uklare eigartilhøve gjer at saka beror.
  • Arbeid med plan for uttak av granfelt Vormedalsheia LVO.
  • Gjennomført befaring med kontaktutvalet for Dyraheio LVO.
  • Opplæringstiltak for ungdom i lag med Suldal  og Bykle fjellstyre.
  • Rydding av ferdselsvegar i Førre, Vormedalsheia LVO
  • Restaurering av jordhytte, Dyraheio LVO
  • Rydding av stølsområde, Øyastølmyra, Vormedalsheia LVO
  • Rydding av vegetasjon ved Ottestøyl, Vormedalsheia LVO
  • Fjerning av granfelt ved Nyastøl, Dyraheio LVO
  • Heiedagane i Valle
  • Ferdselsregistreringar i SVR
  • Nytt verneskilt Nos, Bykle
  • Skifta verneskilt
  • Infotavle om ferdselsforbod Steinsbuskardet, Kringlevatn turisthytte
  • Uttransport og gjenvinning  av fem båtvrak frå Store Urevatn

 

(Publisert:17.12.2013 Sist endret:08.03.2014)