Til startsiden

Årsrapport 2013 frå lokalt SNO

Lokalt SNO har levert årsrapport for 2013. I årsrapporten skrivar dei mellom anna:

"Innføring av ny forvaltningsordning har gått utan problem i vårt område. Samarbeidet med forvaltarane og styret syns me fungerer særs godt."

"SNO har brukt mykje tid mot barn og unge dette året. Difor vart Jakt- og fiskedagane i Etne og ”Naturligvis” på Evje droppa i år til fordel for Heiedagane i Valle og ungdomsturar i Bykle og Suldal. I juni bisto me eit fjernsynsteam i samband med innspeling av eit program frå Setesdal Vesthei. Programmet skal etter planen visast i vinter."

Heile rapporten kan du lese her.

 

 

Oversikt over tiltak SNO har delteke i eller gjennomført i verneområda:

  •  Sett opp ei infotavle Frafjordheiane LVO. Øvrige tavler er ikkje klare frå forvaltninga.
  • Plan for fjerning av kraftline Funningsland. Uklare eigartilhøve gjer at saka beror.
  • Arbeid med plan for uttak av granfelt Vormedalsheia LVO.
  • Gjennomført befaring med kontaktutvalet for Dyraheio LVO.
  • Opplæringstiltak for ungdom i lag med Suldal  og Bykle fjellstyre.
  • Rydding av ferdselsvegar i Førre, Vormedalsheia LVO
  • Restaurering av jordhytte, Dyraheio LVO
  • Rydding av stølsområde, Øyastølmyra, Vormedalsheia LVO
  • Rydding av vegetasjon ved Ottestøyl, Vormedalsheia LVO
  • Fjerning av granfelt ved Nyastøl, Dyraheio LVO
  • Heiedagane i Valle
  • Ferdselsregistreringar i SVR
  • Nytt verneskilt Nos, Bykle
  • Skifta verneskilt
  • Infotavle om ferdselsforbod Steinsbuskardet, Kringlevatn turisthytte
  • Uttransport og gjenvinning  av fem båtvrak frå Store Urevatn

 

 

(Publisert:23.05.2014)