Til startsiden

Årsmelding frå merkeprosjektet på villreinen I SVR

Villreinbukk
Villreinbukk, Foto: Jon Erling Skåtan

Styringsgruppa i GPS-prosjektet har sendt ut si første årsmelding. Prosjektet har merka 9 dyr i 2013. 7 av desse er bukkar som alle er merka i sørområdet.

Årsmeldinga har og med rapportar frå dei tre arbeidsgruppene som har vore i arbeid. Dette er arbeidsgrupper som har sett på

  • Registrering av problem med trekkvegane til villreinen i nordområda - serleg rundt dei store magasina Blåsjø og Svartevatn og anleggsvegane til Store Urevatn og Storevassdammen.
  • Registrering av trafikk og aktivitet i sørområda med vekt på areala nord og sør for Brokke - Suleskardvegen.
  • Vurdering av tiltak for å auke villreinen sin bruk av sørområda med vekt på nye bestandsplan 2014 - 2018.

Årsrapporten er lagt ut på denne heimesida.

(Publisert:14.03.2014)