Til startsiden

Årsrapport for lokalt SNO i 2015

Lokalt SNO har levert årsrapport for 2015. I innleiinga til rapporten skrivar dei:

"Oppsynstenesta i 2015 har vore gjennomført om lag som dei føregåande åra, men bemanninga har diverre vorte ytterlegare svekka i år. I praksis har me stort sett berre vore 2 SNO-tilsette som har hatt teneste i desse verneområda, og me har i tillegg mange gjeremål i andre område. I samband med kontroll av motorferdsle og jaktoppsyn har me hatt noko bistand frå kollegar i regionen.

Samarbeidet med forvaltarane og styret syns me framleis fungerer særs godt. Oppsynet forsøker så langt råd er å stå til teneste når forvaltinga har behov for det, òg med ting som ikkje er forutsett i bestillingsdialogen.

Me gleder oss til å vidareføre dette til det nye styret som trer i funksjon på nyåret."

Heile årsmeldinga kan du lese på denne heimesida.

 

(Publisert:17.12.2015)