Til startsiden

Årsmelding for SNO i SVR

Statens naturoppsyn (SNO) i vår region har levert årsmelding for 2014. I årsmeldinga har dei mellom anna lista opp desse gjennomførde tiltaka/aktivitetane:

  • Styrebefaring i Gyvatn-området
  • Oppsetting av infotavle, Evardalen
  • Opplæringstiltak for ungdom i lag med Suldal  fjellstyre.
  • Heiedagane i Hægebostad (Kvinesdal/Åseral)
  • Delteke på tilsynsutvalsmøte i Hjelmeland og Suldal.
  • Befaring med tilsynsutvalet i Vormedalsheia LVO.
  • Befaring i lag med SVR i Frafjordheiane LVO.
  • Ferdselsregistreringar i SVR
  • Skifta verneskilt
  • Uttransport av søppel, beslag  og hittegods.

 

Prioriteringar til neste år vil mellom anna vere:

  • "Me vil prøva å halda aktiviteten på same nivå. SNO vil skjerpa kontrollen i tider som av erfaring genererar større  aktivitet, m.a. i tida før Sesilåmi..
  • I Frafjordheiane er det framleis  trong for auka oppsynsaktivitet, men bemanninga og lokaliseringa av SNO gjer at dette området får for lite oppsyn.
  • Me vil ha auka fokus på bruk av helikopter under reinsdyr- og rypejakta."

 

Verneområdestyret og forvaltingssekretariatet takkar for eit svært godt samarbeid med SNO i 2014.

Heile årsmeldinga kan du lese her.

 

(Publisert:13.01.2015)