Til startsiden

Arbeidsutvalet i SVR har fordelt pengar til tiltak i verneområdet i 2015

Rovfuglvarde i Trongekvæven
Rovfuglvarde i Trongekvæven, Foto: J.Thommassen/J.E.Skåtan

Etter søknad til Miljødirektoratet har verneområdestyret fått tildelt 350 000 kr til tiltak i SVR i 2015.

På møtet 24.3. fordelte Arbeidsutvalet pengane på desse åtte tiltaka:

  1. Utarbeiding av besøks- og informasjonsplan, Ritlandskrateret      100 000 kr
  2. Heiedagane 2015                                                                        50 000 kr
  3. Ungdom og lokal heiekultur, Ryfylke og Sirdal                            15 000 kr
  4. Tilrettelegging for informasjon på Nesflaten, Sulda                      100 000 kr
  5. Oppdatering av fire interaktive tavler                                            40 000 kr
  6. Skjøtsel av kulturlandskap på Mån, Frafjordheiane                      10 000 kr
  7. Skjøtsel på Øygardstølmyra                                                       20 000 kr
  8. Skjøtsel av kulturlandskap, Førre i Hjelmeland                            15 000 kr

 

Tildelinga på 350 000 kr er ein kraftig reduksjon frå 2013 då vi fekk 1 050 000 kr og 2014 då vi fekk 750 000 kr. Arbeidsutvalet vedtok difor at det skulle sendast eit brev til Miljødirektoratet der ein påpeika at så låge løyvingar gjer arbeidet med å ta vare på verneverdiane svært vanskeleg. I brevet vil ein og understreke at verneområdestyret ynskjer å få tildelt pengar til tiltak som ein samla pott og ikkje som ei detaljert tildeling.

Møprotokoll kan du lese her.

 

 

(Publisert:24.03.2015)