Til startsiden

Rovbase

Jerven har fått seg eit måltid
Jerven har fått seg eit måltid, Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Rovbase er eit verktøy med viktig informasjon for forvaltninga av bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn. Databasen blir oppdatert  av Fylkesmannen, Statens naturoppsyn og Norsk institutt for naturforskning.

Mye av informasjonen som blir lagt inn i databasen er basert på opplysningar og tips frå lokale kjelder og enkeltpersonar, og er viktige bidrag i vår kunnskap om utbreiinga av rovdyr. Databasen inneheld også organiserte registreringar og laboratorieanalysar. Dei omfattar undersøkingar av husdyr og tamrein drepen av rovdyr, spor og sporteikn frå rovdyr som er undersøkt og godkjent av Statens naturoppsyn, og ekskrement og hårprøvar frå rovdyr som er samla inn av organisert feltpersonell, jegerar og via forskingsprosjekt.

Data kan visast på kart, som graf eller lastast ned som ei exel-fil.