Til startsiden

Kulturminnekart


 

Verneområda er rike på kulturminne. Mange er knytt til jakt og fangst av villrein. Det finst spor etter veideliv, ferdsle, gjeting og fedrift. I heia kan ein sjå runer, steinalderbuplassar, fangstanlegg og hellerar. Det er og spor etter skjerp og gruvedrift. Innimellom finn ein kulturprega område med stølar, tidligare stølsvollar og slåttemark.

Kartdatabasar for kulturminne

Kulturminnesøk gir deg oversikt over kulturminner i Norge. Sidene ble lansert av Riksantikvaren i desember 2009, og oppgradert i 2012. Nettsida viser informasjon om kulturminner registrert i databasen Askeladden, og har i tillegg informasjon frå fleire andre kjelder.

Askeladden er retta mot forvaltning og forskarar (treng brukarnamn og passord)

Er det kulturminne du ikkje finn eller har du utfylleande opplysningar?

Det er ikkje alle arkeologiske kulturminner som er registert, og me har heller ikkje fullstendige registreringar av alle kulturminner. Dersom du har tips til kulturminneforvaltninga om kulturminner som manglar, finn du informasjon om korleis du varslar om dette på ”Kulturminnesøk”.

Yngre kulturminne

I tillegg til dei kulturminna knytt til kulturminnelova (automatisk freding og vedtaksfreding), er det også yngre kulturminne som ein må ta omsyn til og som har verdi for samfunnet. Det er mange og ulike register for yngre kulturminne. T.d. er SEFRAK ei nasjonal registrering av bygningar som er meir enn 100 år. Miljøstatus i Norge gir ein kartoversikt over bl a dette registeret.