Til startsiden

Inngrep og inngrepsfri natur

Parti frå Blåsjø, Norges største kraftmagasin
Parti frå Blåsjø, Norges største kraftmagasin , Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

I verneområda er det gjort store naturinngrep i samband med kraft- og vegbygging. Likevel finn me framleis store område med urørt natur. Direktoratet for naturforvaltning gir oversikt over inngrepsfri natur (INON). Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ein kartbase der ein får oversikt over inngrep i form av kraftanlegg.

Inngrepsfrie naturområder (INON)

Her kan du sjå kva områder fri for tyngre tekniske inngrep. Kartløysinga er tilrettelagt for Internett av Direktoratet for naturforvaltning (DN).

INON-områder er områder som ligg meir en ein kilometer eller meir i luftlinje frå tyngre, tekniske inngrep, som for eksempel større kraftlinjer, vegar og vassdragsreguleringar. Data som dannar grunnlaget for karta er henta frå kommunar, fylkesmann og ei rekkje nasjonale registre.

NVE Atlas

NVE Atlas innehelder ein rekkje av NVE sine tematiske kartdata. Døme på temadata i er utbygd vasskraftverk, magasin, nedbørfelt, innsjøar, elver, årsavrenning, flomsoner, sikringstiltak langs vassdrag med meir.