Til startsiden

Kartbasar



Det er utarbeida ei rekkje kartbasar som er relevante for området. Kartklientane overlappar dels kvarandre, men har ulike tekniske løysingar. Nettsida Miljøstatus er ein av dei mest innhaldsrike i val av karttema. 


Naturbase

      Her kan du sjå data om natur og friluftsliv som Direktoratet for naturforvaltning (DN) har registrert i fagsystemet Naturbase. Dataene er samla inn av kommunene, fylkesmennene, Sysselmannen på Svalbard, sektormyndigheter, Norsk Polarinstitutt (NP) og DN.

Kulturminnekart

  Verneområda er rike på kulturminne. Mange er knytt til jakt og fangst av villrein. Det finst spor etter veideliv, ferdsle, gjeting og fedrift. I heia kan ein sjå runer, steinalderbuplassar, fangstanlegg og hellerar. Det er og spor etter skjerp og gruvedrift. Innimellom finn ein kulturprega område med stølar, tidligare stølsvollar og slåttemark.

Dyreposisjonar på nett

Ei simle sin bruk av område sør for Botsvatnet.

  Norsk institutt for naturforskning (NINA) nyttar radiomerking til å kartleggje arealbruk, bestandstorleik, reproduksjon og død hjå rovvilt og hjortevilt. Det er mellom anna merka reinsdyr i Ryfylkeheiane. Dyra er merka med ein moderne type GPS-sendar som rapporterer sine posisjonar undervegs via SMS-meldingar.

Rovbase

Jerven har fått seg eit måltid

  Rovbase er eit verktøy med viktig informasjon for forvaltninga av bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn. Databasen blir oppdatert  av Fylkesmannen, Statens naturoppsyn og Norsk institutt for naturforskning.

Artsdatabanken

  Artsdatabanken og Artskart er ein nasjonal database for registrering av artar. Her kan du søkje på artar og finne kvar arten er funnen. Du kan også søkje på geografiske område, fylke eller kommune, og få vist i kartet kva artar som er funnen. Under arkfana "Kart" kan du også avgrense søket til «belegg» og «observasjoner».

Inngrep og inngrepsfri natur

Parti frå Blåsjø, Norges største kraftmagasin

  I verneområda er det gjort store naturinngrep i samband med kraft- og vegbygging. Likevel finn me framleis store område med urørt natur. Direktoratet for naturforvaltning gir oversikt over inngrepsfri natur (INON). Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ein kartbase der ein får oversikt over inngrep i form av kraftanlegg.