Sytten naturområde sør i langfjella er verna som landskapsvernområde, biotopvernområde eller naturreservat. Totalt omfattar desse om lag 3500 km2 fordelt på 11 kommunar i Agderfylka og Rogaland.
Føremålet er i korte trekk å ta vare på eit særmerkt og samanhengande heieområde, dyre- og planteliv, stølsområde og andre kulturverdiar. Særskilt skal ein ta vare på viktige delar av villreinen sitt leveområde.