Bestillingsdialog

Vedlikehald og restaurering av turvegar og stiar er viktige tiltak. Her er ei av bruene på stien mellom Alrekstølen og Solrenningane.
Vedlikehald og restaurering av turvegar og stiar er viktige tiltak. Her er ei av bruene på stien mellom Alrekstølen og Solrenningane., Foto: Anbjørg Nornes

 

Kvart år vert det løyvd midlar til tiltak i verneområda over statsbudsjettet. Ein eigen pott er avsett til tiltak i større verneområde. I samarbeid mellom SNO sentralt og DN, vert denne potten fordelt til dei ulike verneområdestyra.

Kvar haust må kvart verneområdestyre søke om midlar til ulike prosjekt inn mot denne potten. Prosjekta skal vere positive for verneformålet og vere i tråd med forvaltningsplanen for verneområdet. Verneområdestyret skal prioritere mellom dei ulike prosjekta.

Stølsheimen verneområdestyre legg opp til ein gjennomgang og vedtak i perioden oktober til desember. Endeleg tildeling vert som regel klar frå DN i slutten av februar. Det er viktig at prosjekt vert gjennomført innan rapportering i november same år. Kort feltsesongen gjer det viktig at formelle løyve/godkjenningar er i orden og at tiltak kan settast i verk så fort som råd.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:11.01.2013)