Høyringsprosess revidering av forvaltningsplan

Fyrste forvaltningsplanen for Stølsheimen landskapsvernområde var godkjent i mars 1998, og utgitt av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Stølsheimen verneområdestyre har revidert planen i samarbeid med referansegruppa for forvaltningsplan. Referansegruppa er samansett av fagleg rådgjevande utval og administrativt kontaktutval.

I samband med høyringa vart det arrangert opne orienteringsmøte i september 2016. 

Høyringsuttalane til planen vart lagt fram for verneområdestyret. Styret godkjente framlegg til forvaltningsplan i møte 30.11.1016 og sende planen til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning. Miljødirektoratet godkjente planen 16.02.2017. Etter publisering er dette den gjeldande forvaltningsplanen for Stølsheimen landskapsvernområde.

Relaterte dokument:
Endeleg godkjenning av forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde. Miljødirektoratet 16.02.2017
Framlegg til forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde, versjon 30.11.2016
Høyring - Revidering av forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde (fylgjebrev)
Adresseliste
Høyringsdokument - Forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde
Vedlegg 1. Verneforskrift for Stølsheimen landskapsvernområde
Vedlegg 2. Tiltaksplan for verneområdet
Vedlegg 3. Kriteria for prioritering av stølar og verdisetjing av stølar, vedlegg til rapporten Spor etter stølsdrift i Stølsheimen
Vedlegg 4. Medlemer i fagleg rådgjevande utval for Stølsheimen, pr. 2016
Vedlegg 5. Temakart:
Naturtypar
Friluftsliv
Villreinområde
Stølar og kulturminne
Tekniske installasjonar
Vedlegg 6. Oversiktskart

(Publisert:30.03.2017 Sist endret:19.04.2017)