Forvaltningsplan

Innan for verneområde Stølsheimen er det mange stølar. Her ser me Fossesete, som er ivaretatt med restaurering av byggning og landskap.
Innan for verneområde Stølsheimen er det mange stølar. Her ser me Fossesete, som er ivaretatt med restaurering av byggning og landskap. , Foto: Anbjørg Nornes

Forvaltningsplan skal vere eit praktisk hjelpemiddel for å fremje føremålet med vernet. Den skal vere ein konkret rettleiar i høve forskrifta i skjøtsel og bruk av området for forvaltningsstyresmakt, grunneigarar og andre.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:30.03.2017)

Forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde. Rapport nr. 1 2017

Forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde vart godkjent av Stølsheimen verneområdestyre 30.11.2016, og endeleg godkjent av Miljødirektoratet 16.02.2017. Forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde. Rapport nr. 1 - 2017.

(Publisert:18.04.2017 Sist endret:19.04.2017)

Høyringsprosess revidering av forvaltningsplan

Fyrste forvaltningsplanen for Stølsheimen landskapsvernområde var godkjent i mars 1998, og utgitt av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Stølsheimen verneområdestyre har revidert planen i samarbeid med referansegruppa for forvaltningsplan. Referansegruppa er samansett av fagleg rådgjevande utval og administrativt kontaktutval.

(Publisert:30.03.2017 Sist endret:19.04.2017)

Forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde - rapport nr. 3 1998

Fyrste forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde vart godkjent i mars 1998. Då etter utfyllande planprosess med varsel om arbeidet i 1995 og tilhøyrande høyring sommar og haust 1997, og innarbeiding av merknader frå høyringa. // Forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde

(Publisert:30.03.2017)