HØYRING - Skjøtselsplanar i landskapsvernområde knytt til Reinheimen

Skjøtselsplanar for heilskaplege kulturlandskap i verneområder knytt til Reinheimen, er lagt ut på høyring som PDF dokument under.
HØYRINGSFRIST: 11.november 2019.

Skjøtselsplanane inneheld ein overordna plan for området, med forvaltningsstatus, skildring av landskapet, dagens bruk/brukshistorie, bevaringsmål og forslag til tiltak på overordna nivå. I tillegg er det utarbeidd bevaringsmål og forslag til konkrete skjøtselstiltak for dei særskilde områda/setergrendane i landskapsvernområdet.

Vi ønskjer innspel på:

- forslag til skjøtselstiltak (lista opp i tabell)
- fakta om arealbruk og arealbrukshistorie. Ønskjer å rette opp evt faktafeil.
- ønskje og behov for lokale møte for gjennomgang av skjøtselsplan.

Høyringsfrist 11.november 2019:
Merknader sendast på e-post til: fminpost@fylkesmannen.no, eventuelt med post til: Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Postboks 978, 2626 Lillehammer.

Etter høyringa
Nasjonalparkstyret vil vurdere innspel som kjem inn under høyringa, for vidare behandling av skjøtselsplanen.  Det er nasjonalparkstyret for Reinheimen som tilslutt skal godkjenne skjøtselsplanen.

Kontakt:
Spørsmål skal rettast til nasjonalparkforvaltar Kristine Sørlie, e-post: fmopkso@fylkesmannen.no, tlf.: 468 97 683

(Publisert:05.09.2019)