Skjøtselsplanar

Hengegras
Hengegras, Foto: Kristine Sørlie

Nasjonalparkstyret for Reinheimen skal som forvaltningsmyndigheit vurdere behov for, og nødvendig gjennomføring av skjøtsel i verneområdet, jf. vedtekter for nasjonalparkstyret, pkt. 8.2. Skjøtsel og besøksforvaltning. Skjøtselstiltak skal setjast i verk på eit kunnskapsbasert grunnlag i samsvar med vedtatte forvaltningsplanar/skjøtselsplanar. Miljøfagleg Utredning AS fekk i 2018 oppdraget med å utarbeide skjøtselsplanar for heilskaplege kulturlandskap i verneområda knytt til Reinheimen. Arbeidet er gjennomført i samarbeid med nasjonalparkstyret og lokale aktørar og interessentar i verneområdet.

(Publisert:05.09.2019)

HØYRING - Skjøtselsplanar i landskapsvernområde knytt til Reinheimen

Skjøtselsplanar for heilskaplege kulturlandskap i verneområder knytt til Reinheimen, er lagt ut på høyring som PDF dokument under.HØYRINGSFRIST: 11.november 2019.

(Publisert:05.09.2019)