Vinterteljing av villrein 2016

Villrein på vinterbeite i Reinheimen
Villrein på vinterbeite i Reinheimen, Foto: Knut Granum

Knut Granum, sekretær i Reinheimen-Breheimen villreinutval, melder om ei svært vellykka villreinteljing i januar. På nordområdet i Reinheimen vart det  observert fire flokkar på totalt 2098 dyr. I Søre Døkte - Ramstadberget vart det observert ein reinsflokk på 631 dyr . Ein flokk på 1178 dyr, vart sett lenger øst, ved Sterringhø. I tillegg vart det observert 2 bukkeflokkar i området Skaihø – Knutshø. På vinteren finn rein beite på avblåste rabbar. Det er viktig å la rein får beite i ro og fred, av omsyn til beitetid og energiforbruk.

(Publisert:27.01.2016 Sist endret:08.03.2016)