Vedlikehald på naturstig Finndalen

I Finndalen landskapsvernområde er det i samarbeid med Finndalsprosjektet etablert ein naturstig. Det  er no utført vedlikehald på informasjonsstativa.

Stativa er nokre plassar sett djupare i bakken, og er elles stiva opp ved at det er lagt tyngre steinar innåt stolpane. Arbeidet er gjort 16. juli av dei to sherpaene Phurba Gyalzen Sherpa og Tapchen Lama.

(Publisert:22.07.2013 Sist endret:13.01.2014)