Sekretariatet til nasjonalparkstyret for Reinheimen

Mari Melbø Rødstøl
Mari Melbø Rødstøl

Mari Melbø Rødstøl takka ja til stillinga som nasjonalparkforvaltar i Reinheimen. Mari Melbø Rødstøl er utdanna naturforvaltar frå Universitet for miljø- og biovitenskap, og frå Høgskolen i Hedemark. Ho startar opp i stillinga 8.juni 2020.

Det er to nasjonalparkforvaltarar som i samarbeid utgjer nasjonalparkstyret for Reinheimen sitt sekretariat. Forvaltarane er underlagt nasjonalparkstyret i forvaltninga av verneområda, men er tilsett hos fylkesmannen i Innlandet, som har det faglege og administrative ansvaret for forvaltarane. Mari Melbø Rødstøl har kontorplass i Norsk Tindesenter på Åndalsnes, medan Kristine Sørlie som har vore tilsett i Reinheimen sidan 2014, har kontor på Norsk fjellsenter i Lom.

(Publisert:10.06.2020)